LITTERÆR KRAFTSTASJON 2025

Symposiets opningsforestilling!
Vi opnar årets litteratursymposium med brak og brask og bram! Yohan Shanmugaratnam kjem med årets bestillingstekst, dei lokale heltane frå Odda ungdomsskule leverer musikk og sjølvskrivne tekstar det smell av, ordførar Roald Aga Haug kjem for å kaste glans, men får konkurranse frå Frode Grytten sin nyaste karakter, Vetlaordføraren (!), sjonglør Tomm Percy og perkusjonist Kim Christer Hylland fyrer i gang eit show du ikkje vil gå glipp av og bandet Solstorm får heile Lindehuset til å eksplodere! Og til å tenne lunta på det heile: odding og politimeister Ida Melboe Øystese! Velkommen til ei forrykande festivalopning i ditt nærmaste tilfluktsrom; Lindehuset!
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025 med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.