BEGJÆR
Begjær! Herleg herleg, men ganske farleg. Og med politisk sprengkraft?
Information

Vi har invitert tre forfattarar som alle utforsker begjæret i bøkene dei skriv. Her utforskast krafta til begjæret mellom menneske, men også korleis begjær er i stand til å sette samfunnsordninga i rørsle.
Velkommen til ein samtale som pirker i etablerte forestillinger om lyst og , og om å vere leiken i møte med språk, poesi og sex. Om vitalitet, sårbarheit og om å ta plass.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025 med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.