ALT ET

I 2022 vann oddaforfattaren Leander Djønne Lytternes romanpris i P2 for debutboka si, Oskespiralen. Denne hausten er han endeleg klar med ny bok, Alt et. Tvillingane Våle og Rind er i gravferda til foreldra. Dei skal bu hos besteforeldra, men på garden vert dei skilde frå kvarandre. Besten er grufull, besta er kraftlaus. I ura over garden bur ein svanger jerv. Ho kjenner raseriet vekse. “Eg er. Eg er ikkje. Brunne i ein vedomn. Frigjord som kvervelvindar av oske. Atterfødd som rovdyr full av kraft. Eg er jerv. Eg er alle mødrer. Glir inn i alt.” Alt et er ein roman om avmakt, nedarva raseri, trolldom og hamskifte som følgjer i dei same spora som Oskespiralen. Leander Djønne møter Henning H. Bergsvåg til samtale om den nye romanen sin.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025 med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Waiver
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.