Hjälp
© TicketCo AS 2025.
Juridiska villkor för biljettköpare
Juridiska villkor för arrangörer
Den norske journalisten Vegard Tenold Aase har sidan 2010 infiltrert fleire av dei mest ekstreme nasjonalistmiljøa i USA. Grupperingane var ein del av ein dårleg organisert understraum i det amerikanske samfunnet, heilt fram til valet av Donald Trump som president i 2016. Med det var det mykje som endra seg: Openberr rasistisk motivert vald prega stadig fleire politiske mønstringar, medlemstala i nasjonalistiske organisasjonar steig, og politikarar på nasjonalt nivå, presidenten inkludert, gav næring til dei same grupperingane sine frustrasjoner. I boka Alt du elsker, skal brenne tek Aase oss med til den mørke og paranoide vrangsida av Amerika; ei parallell verd der den kvite rase er truga, og fienden lurer bak kvart einaste gatehjørne. Dette er forteljinga om den kvite nasjonalismen si gjenføding i USA, fortald frå innsida. Ope foredrag, der vi også inviterer elevar frå vidaregåande skule.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS eller DAGSPASS.