page view image

RAMMEVERK

Kva skjer når ein forfattar set ei fast ramme rundt verda – og så byrjar å tøye, vri og forskyve henne?

Information
event image

Øyvind Rimbereid og Endre Ruset har begge skrive bøker der eit avgrensa motiv eller eit bestemt univers blir utgangspunkt for større poetiske undersøkingar. Hos Ruset blir idretten ei ramme for å skrive om draumar, tap, maskulinitet, kollektiv identitet og barndomsminne. Hos Rimbereid blir hesten og arbeidet inngangar til spørsmål om historie, teknologi og menneskeleg rørsle – og språket sjølv kan bli forskyvd, slik at vi ser vår eiga verd frå sida.

For begge er ramma ikkje ei avgrensing, men ein metode. Ved å snevre inn blikket kan dei opne noko mykje større. Rimbereid og Ruset møter Fredrik Hagen til samtale.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026, med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg Litteratursymposiet kan kjøpe FESTIVALPASS  eller DAGSPASS

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.