page view image

NÆRE RELASJONAR

Maria Tryti Vennerød møter Charlotte Myrbråten.

Information
event image

Maria Tryti Vennerød er dramatikar og forfattar. I over ti år har ho arbeidd med Nære relasjonar og tematikken kvinner som slår, og arbeidet har tatt mange ulike former.

Romanen kom ut i 2023 og i år sette Det norske teateret opp stykket, basert på eit manus ho skreiv i 2020. Vennerød utforskar korleis noko slikt kan gå føre seg over tid, også i relasjonar der mannen er den som blir utsett for vald, trass i at han oftast ikkje er fysisk underlegen. Maria Tryti Vennerød møter Charlotte Myrbråten til samtale om tema, og om det å skrive for bok og å skrive for teater. 


Ho stod framleis med ryggen til. Eg forstod ikkje kvifor stemninga var snudd. Hadde lyst å ta rundt henne, men måtte venta til augeblinken var rett. Ho ville visst vera i fred; ho verka skjør og rasande på same tid, men det var ikkje nødvendigvis på grunn av meg. Det hjelpte å tenka sånn. Tanken på at eg kunne handtera henne, uansett kor urimeleg ho var, var ikkje berre til hjelp, den rørte meg på ein underleg måte.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe dagspass og festivalpass:


FESTIVALPASS  


Eller dagspass:

DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Restriktioner

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.