page view image

MANNOSFÆREN / GUTTASTEMINING

Har det klikka for gutane?

Information
event image

På toppen av verda tronar ein gutegjeng med mykje pengar, ekstreme haldningar og ein særskild definisjon av kva det vil seie å vere mann. På ein heilt annan stad, på ein skuleplass nær deg, sit ein gutegjeng og scrollar på videoar av Andrew Tate.

Mannosfæren har blitt eit hyppig brukt omgrep dei siste åra, og refererer til ein internettkultur av meiningsfeller i podcastverda og menn som beundrer andre menn for å vere mandige. Dei drøymer om klassiske statussymbol og ei kvinne som står ved kjøkkenbenken med lebestift, om ein diett med berre kjøt, og eit samfunn som gjev grønt lys til at boys will be boys. Kva handlar dette om? Har vi late gutane i stikken? Kva menn er det dagens internettkultur appellerer til, og kvifor breir han om seg?


Med Vegard Tenold Aase, Yohan Shanmugaratnam og Kyrre Andreassen.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS  eller DAGSPASS

Ansvarsfriskrivning

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.