page view image

GUNNHILD, KONA TIL EIRIK BLODØKS

Scenelesing av Gunnhild Øyehaug sitt skodespel.

Information
event image

Forfattar Gunnhild Øyehaug gav i 2023 ut den elleville boka “Gunnhild, kona til
Eirik Blodøks”: I eit blandingstidpunkt mellom år 900 og vår tid vaknar dronning Gunnhild, kona til Eirik Blodøks, opp i ei sjukeheimsseng. Ho føler på seg at hennar hovudfiende, skalden Egil Skallagrimsson, er på veg, og ho bestemmer seg for at dette er det siste høvet ho har til å få endra oppfatninga ettertida har hatt av henne som ei vond, maktgrisk og herskesjuk dronning. Tenaren hennar, Apollonia, Baudelaire sin advokat i rettssaka mot han i 1857, har endeleg sloppe tak i alle hemntankar, men hjelper likevel til. Og som alltid dukkar Rottejomfrua opp, med sine evinnelege spørsmål om kva som eigentleg gneg inst i hugen, og vesle Eyolf kan ikkje gjere anna enn å henge sørgmodig etter.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:


DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG 

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Restriktioner

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.