FOTBALLDEBATT 2025
På symposiet sin faste fotballdebatt møtest fotballekspertar og fotballinteresserte forfattarar til uhøgtideleg og blodseriøs samtale om vår tids viktigaste og sjukaste idrett. Lekre verbale driblingar og stygge sklitaklingar kan forventast!

Fotballkampar er ein fristad der ein kan være seg sjølv, eller ein annan. Fotballen kan vekke kjensler ein ikke visste ein hadde: ei form for eksplosjon av glede, sinne, hat og kjærleik om kvarandre. På årets fotballdebatt finn vi fram til dei mest eksplosive situasjonene og temaa, som ofte er høgst subjektive. Heile tida går spelarar, trenarar og tilskodarar i lufta som små bomber rundt om på fotballbanar i Noreg. Til og med i barnefotballen, som eigentleg skal være ein leik. Kva er det med fotballen som får folk til “miste det”?
I panelet er:
Håkon Opdal, pensjonert keeper. Håkon er eigentleg ein rolig type, men har rast frå seg på fotballbanar i over tredve år. Kvar får han utløp for raseriet sitt no?
Frode Grytten, forfattar og odding, har klikka på tribunen på Brann Stadion i ei årrekke. Noko glede har det og vore, men eksplosjonen har aldri vore langt unna.
Henning Bergsvåg, forfattar og bergensar, har klikka saman med Frode på Brann Stadion og hadde sin første eksplosjon der tidlig på 80-talet (?).
Asbjørn Slettemark, musikkjournalist og fotballfan, kjem til symposiet for andre gang.
Sven Bisgaard Sundet, journalist og programleiar, var avlogga smarttelefon og sosiale media i eit heilt år - eit eksperiment for å undersøka effekten på hjernen - og NTNU-forskar gjorde oppsiktsvekkande funn.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025 med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.