ANNLAUG & PEDRO – EIN MUSIKALSK ROADTRIP
Velkomen til Litteratursymposiet i Odda 2026 med tema VRANG!
Festivalpass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her på Ticketco.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Annlaug Børsheim og Pedro Carmona-Alvarez har i over ti år spelt og reist saman som frontfigurar i Frode Grytten Beat Band. Dei har også medverka på kvarandre sine plater, vore med i kvarandre sine live-band og hengt saman i studio. Dei har tilbrakt mykje tid på vegen – i stasjonsvogner og varebilar – og snakka om livet, om kjærleiken, om det å bli både eldre og yngre, om å synge sangar og å skrive sangar. No svinger dei innom Odda og Litteratursymposiet for ein kveld der forteljinga om eit vennskap og kjærleiken til musikken står i sentrum.
Konsert.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026, med tema VRANG.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg Litteratursymposiet kan kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billletar vert ikkje refundert.