HOT! i Odda
Dj Oksen og Completely Corporate tek over Lindehuset.
Når laurdag 3. oktober går mot slutten, tek Oksen & CC over Lindehuset med konseptet HOT!
Heilt sidan Oksen & CC dreiv den legendariske platebutikken Nöstekollektivet saman i Bergen like etter tusenårsskiftet, har dei formidla musikk kvar for seg og saman - oftast under namna Mikal Telle og PowerLars, men no har dei gjenoppstått som Oksen & Completely Corporate.
I desse dagar speler dei saman månadleg som Tellé Records sine hus-DJs på klubbkvelden «Oksen & CC» på Bodega i Bergen, og denne kvelden tek dei med stemninga frå den nyleg gjennomførte Hot!Hot!Hot!-festivalen til Lindehuset og Odda.
Det blir house, discopunk, electro og bass. Og det blir ein mørk og dansbar kveld i dei industrielle omgjevnadene på Lindehuset. Denne kvelden blir Odda HOT!
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026 med tema VRANG.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Ansvarsfriskrivning
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.