page view image

DRAMA PÅ JOBB

Roger Sevrin Bruland møter Eivind Dahle Sjåstad.

Information
event image

Nokre yrkesgrupper opplever meir drama i kvardagen enn andre. Journalistar er kanskje i utgangspunktet ikkje dei mest utsette, men hamnar som reportere ofte tett på dramatiske hendingar. 

Tidlegare NRK-korrespondent Roger Sevrin Bruland gjekk under pandemien modig inn i dei verste episentra for koronasmitte i Europa, og vart sjølv smitta etter å ha vore på jobb i Italia. Han har vore ved fronten av krigen i Ukraina, og han rapporterte direkte frå grottedramaet i Thailand, der 12 gutar og trenaren deira satt fast inne i ei grotte i jungelen i ei veke. 

Også her på heimlege trakter skjer det stadig dramatiske hendingar som rykker lokalavisjournalisten ut frå sitt fredelege kontor. Redaktør i Hardanger folkeblad, Eivind Dahle Sjåstad, har i si karriere vore vitne til både naturkatastrofer og store ulykker; anten det rasar stein eller snø frå fjellsidene og alle vegar inn er stengd, elver flaumer over, fabrikkar kan eksplodere eller ein rapporterer frå ulykkesstader.  

Bruland og Sjåstad møtast til samtale om erfaringar frå journalistyrket, tankar om det å rapportere frå andre folk sine mest dramatiske opplevingar - ispedd ei røvarhistorie og to.  


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:

DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Restriktioner

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.