page view image

Å MALE ATTRÅ

Å male attrå Lars Korff Lofthus møter Merete Jonvik.

Information
event image

Ein samtale om kunst og begjær, og om Lars Korff Lofthus sin kunstnarlege praksis. 

Biletkunstnar Lars Korff Lofthus hadde sommaren 2024 ei omfattande separatutstilling i Kristiansand Kunsthall. I samband med dette vart også boka Lars Korff Lofthus: ATTRÅ gjeve ut av galleriet Entrée. Boka er ein kunstnarmonografi som presenterer og undersøker Lars sin kunstnarlege praksis, med hovudvekt på dei siste fire separatutstillingane hans. Boka inneheld eit hovudessay av sosiolog og forskar innan kulturfeltet, Merete Jonvik, og eit essay som forfattar, kulturskribent, -kritikar, og kurator Bjørn Hatterud skreiv om arbeidet hans i 2022, i tillegg til forord av redaktør Cecilie Almberg Størkson, og dessutan ein tekst skriven av Lars sjølv.

Boka vart lansert i Kristiansand Kunsthall 24. august i samband med Lars si utstilling der. På Litteratursymposiet i Odda møter han Merete Jonvik til ein eksklusiv samtale om kunst og begjær, og om Lars sin kunstnarlege praksis.

Utdrag frå essayet til Jonvik:

"Kva skil tradisjonar frå konvensjonar? Kva får plass i tradisjonane? Kor mykje kan dei bøyast og tøyast? Korff Lofthus brukar det tradisjonsrike, gir det nye fargar, design, kontekstar. Puttar noko nytt inn i noko eldre. Puttar seg sjølv inn i tradisjonen. For kunstnaren er òg ein karakter i sin eigen kunstnariske praksis, og slik er det kanskje for alle, men særskilt tydeleg hos Korff Lofthus gjennom måten han brukar den stadbundne praksisen til å finna ut korleis han kan vera, den han er, der han er, saman med andre. Tematiserer identitet. Tematiserer begjær. Tematiserer det å høyra heime.”


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.



Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:


DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Restriktioner

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.