Verdenstapet

INFORMACJE O IMPREZIE

Kritikar og forfattar Bernhard Ellefsen fekk i fjor mykje merksemd for boka Imot døden: Om fortvilelsens litterære fellesskap. I boka, som har form som eit langessay, brukar Ellefsen lesnaden av litterære verk til å forstå sin eigen dødsangst og redselen for det som ein gong ventar. Ved å dykke ned i alt frå eldgamle helleristningar til samtidslitteratur undersøker Ellefsen korleis menneska til alle tider har søkt svar og trøyst i møte med sjølve livets grunnvilkår, den store slutten - eller verdenstapet, som han kallar det. Med utgangspunkt i lesnadene frå essayet held Ellefsen eit foredrag om frykten for slutten og korleis vi kan bruke litteraturen som trøyst og styrke medan vi enno har livet.

littsymp
oddaoddaodda

Ograniczenia

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte