DØDEN STÅR BAK DØRA 2019

INFORMACJE O IMPREZIE

Korleis kan litteraturen bidra til ei forsoning med det store sluttpunktet som ventar oss alle, og som vi synest er så ubehageleg å tenke på? Den som kjem til oss alle før eller seinare, og til alle vi kjenner og er knytt til. Korleis forsone seg med at alt dette rundt oss som yrer av liv og overskudd, og som vi tar for gitt, ein dag skal bli til jord, til ingenting? Ole Robert Sunde og Bernhard Ellefsen brukar begge litteraturen til å reflektere over den ubønnhørlege døden. I Penelope er syk skriv Sunde om ein hovudperson i ferd med å miste kona til kreften. I den nye romanen, Jeg føler meg uvel, forsøker hovudpersonen å finne ein veg vidare etter å ha mista sin partnar gjennom 40 år. Ellefsen har skrive essayboka Imot døden, ei bok fylt av protest mot døden som ventar der framme, der han brukar andre litterære verk til trøyst og forståing. Dei to møtest til samtale.

littsymp
oddaoddaodda

Ograniczenia

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.