page view image

SLEPPFEST - OSKESPIRALEN

EVENEMENTGEGEVENS
event image

Oddaforfattar Leander Djønne romandebuterer med «Oskespiralen» og vi inviterer til sleppfest! Djønne skriv om alt det vonde som renn nedover slekta, og om naturen som legg sine premiss for ein familie i hat og oppløysing. Med Karl Ystanes og Kim Christer Hylland. 


Vi anbefaler å varme opp med gratis filmvising "Frå stein er du komen til stein skal du bli" i Odda kino kl. 20.00:   Leander Djønne lagar poetiske verk som tematiserer jordas utviklingssteg gjennom historia, vår felles oldtid og dei naturlege hendingane som har drive verda framover. Gjennom triologien som består av dei tre filmane “Kvardagsstein”, “Bytestein” og Søkkestein” får publikum bli med på ei reise inn i fjell, under vatn - og bakover i tida. Filmane ser på vårt forhold til tid, og undersøker korleis ulike tider støyter saman. Med eit undersøkande blikk ser filmane på naturen vi omgir oss med. Vi viser dei to siste filmane. Innleiing ved Kaja Schjerven Mollerin.

Etter filmvisinga er det Sleppfest for Leander Djønne sin romandebut på Sentralbadet! Velkomen!

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du på littsymp.no.