page view image

KJÆRE ALLE SAMAN

Ny forestilling av og med Frode Grytten.

Information
event image

Kjære alle saman! Slik tar dei fleste talar til. Men kva kjem så? Alt mogleg! 

I sju år reiste fotograf Erlend Berge rundt i Noreg for å fotografere talarstolar. Frode Grytten har skrive tekstar til bilda, prosjektet har blitt bok, og i Odda smeltar alt saman til ei unik framsyning om den norske offentlege samtalen, av og med Frode Grytten. Dei briljante skodespelarane Trond Espen Seim og Anders Baasmo Christiansen kjem vestover for framføre alternative 17. mai-talar, sjuke bryllaupstalar, dikt om krig og fred, og full gjennomgang av politiske skandalar. Dette blir sprettent, tankevekkande, vilt og vakkert; det blir hylling av det frie ordet. Erlend Berge sine allereie prisa fotografi er med i showet. Forfattaren sjølv vil dukke opp blant alle talarstolane på scena i kinosalen, og dei eminente Ole Amund Gjersvik (bass) og Tore Hegdahl (tangentar) står for det musikalske. Kjære alle saman, kom, kom!


Foto: Erlend Berge / kjæreallesaman.no

Boka Kjære alle saman! med fotografi av Erlend Berge og tekstar av Frode Grytten er ute på Verbum forlag hausten 2024.

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:


DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG 

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontore

Beperkingen

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.