SENTRALBADET POESI 2022

page view image

Tickets Not Available

Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

Til dette arrangementet har vi invitert to poetar - den eine heilt i starten av karrieren, den andre med eit langt forfattarskap bak seg. Felles for dei er korleis aktuelle samfunnsdebattar siv inn i skrifta - enten det er i poesien, eller i skrifta utanfor verselinjene. Begrepet “politisk poesi” er gjerne litt belasta - men kva med poetisk politikk? 


Cecilie Løveid er ein av våre største nolevande poetar. I over femti år har Løveid skrive dikt, prosa og dramatikk. I hennar tidlege utgjevingar får både abortspørsmål og boligpolitikk flytte inn i bøkene. I dramatikken har ho ofte løfta fram historiske kvinneskikkelsar, og gjeve dei ein plass på scena. 


Priya Bains gav ut si debutsamling “Med restene av mine hender” i 2021. Same år vart tidsskriftet Abhivyakti lansert, med Bains som redaktør. Ho har vore bokansvarlig i Fett feministisk tidsskrift, og er fast kommentator i Morgenbladet. I dikta hennar møter vi eit kor av stemmer, og tekstane fortel historier om sorg, avmakt og ritual. Møt Løveid og Bains i samtale med Fredrik Hagen. 


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du på littsymp.no.

Organizer
Littsymp