Hjelp
© TicketCo AS 2025.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Éin loppis. Tre kvinner. Altfor mange ting. Dette er utgangspunktet for Randi Fuglehaug sin nye roman Pent porselen. I boka møter vi tre kvinner som lever med loppis på godt og vondt: Iselin som har fått jobben, mannen, dugnad og loppis langt opp i halsen og drøymer seg bort ved å lese om stygge drap og å snoke i livet til ofra; Sarah som er held seg langt unna loppemarknader om ho kan - bortsett frå dei ho må rykke ut til som ambulansesjåfør; og Berit som sørgjer over kjærasten som er død og som drukner sorgene i brukte skattar på byens loppemarknadar. Pent porselen er ein roman om å vere lukkeleg åleine og einsam saman med andre. Om å miste, men også om å finne igjen. Randi Fuglehaug møter Else Marie Sandal til samtale.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS eller DAGSPASS.