KAMPEN FOR DET VRANGE

Bjørn Olaf Johannessen og Dag Johan Haugerud møter Asbjørn Slettemark.

page view image
Arrangementsdato

lørdag 3 okt 2026 15:00

Slutter lørdag 3 okt 2026 15:45
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Student
Studentbevis må framvisast i døra.
Ordinær
Ledsagarbillett
Ledsagarbillett for personar med nedsett funksjonsevne. Ledsagarbevis må framvisast
Plassreservasjon (med pass)
event image

Arrangementsinformasjon

To forfattarar som begge har ein særleg sans for det keitete, absurde og uventa møter kvarandre til samtale om den vesle kampen for tilværelsen: om menneske som ikkje får livet til å gå heilt etter planen, om dei store ideane som kollapsar i møte med kvardagen – og om kvifor det kanskje er nettopp der litteraturen blir interessant. Hos Johannessen kan sjølve kroppen vere feilmontert. Hos Haugerud er det gjerne moralen.

Bjørn Olaf Johannessen skriv om ein revolusjonær som hamnar på hyttetur i Noreg, om Marianne som er spegelvend på innsida, om keitete menn og avskjedstalar, og er ein av manusforfattarane av ein av tidenes beste norske tv-seriar, Kampen for tilværelsen.

Dag Johan Haugerud skriv om menneske som går på jobb, et middag, har sex, forelskar seg – og likevel på mystisk vis klarer å få heile livet på skeive. Tilsynelatande vanlege menneske kjem stadig ut av kurs. Både i bøkene hans og i trilogien Sex, Drømmer, Kjærlighet, blir store spørsmål om moral, identitet, begjær og meining pressa inn i heilt alminnelege liv.

Moderator Asbjørn Slettemark losar oss gjennom ein samtale om store og små opprør i kvardagen.



Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026, med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg Litteratursymposiet kan kjøpe FESTIVALPASS  eller DAGSPASS


Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.

Organizer
Litteratursymposiet i Odda