COLETTE

page view image
Arrangementsdato

fredag 2 okt 2026 12:00

Slutter fredag 2 okt 2026 12:45
BESTILL

Hvis du har en promo-kode legg den inn i boksen

Tilgjengelige varer

Plassreservasjon (for deg med dagpass eller festivalpass)
Denne billett er kun gyldig saman med festival- eller dagspass
Ledsagerbillett
Student
Ordinær
event image

Arrangementsinformasjon

Sidonie-Gabrielle Colette (1873-1954) er ei av dei mest markante forfattarane i moderne fransk litteratur – ein forfattar som skreiv seg rett inn i historia med eit skarpt blikk for kropp, begjær, identitet og fridom. Ho skreiv ofte med utgangspunkt i eige liv, og utvikla eit litterært uttrykk prega av psykologisk innsikt og sanselege skildringar som både er presis, sanseleg og overraskande moderne. Colette var fleire gonger nominert til Nobelprisen i litteratur.

Vandraren (La Vagabonde) frå 1910 er den første romanen Colette gav ut i eige namn – og eit vendepunkt i forfattarskapen hennar. Her trer ho for alvor fram som ein sjølvstendig og presis observatør av kvinneleg erfaring.

Romanen følgjer ein kvinneleg scenekunstnar som lever av talentet sitt i Paris etter eit brot med ekteskapet. Ho balanserer på ein knivsegg mellom økonomisk utryggleik og kunstnarisk fridom, mellom sårbarheit og sjølvstende. Når ein velståande beundrar byr henne eit liv i tryggleik, blir ho stilt overfor eit val: Skal ho gje etter for ønsket om kjærleik og tryggleik, eller halde fast ved fridommen?

Margunn Vikingstad (f. 1971) er ein norsk litteraturkritikar og omsetjar. Ho har m.a. omsett fleire teaterstykke frå fransk og engelsk, i tillegg til Gustave Flaubert sin roman Madame Bovary, og Marcel Prousts Swanns kjærleik, frå fransk til nynorsk. Desse og Vandraren er alle del av Skald sin serie med verdsklassikarar på nynorsk.



Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026, med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg Litteratursymposiet kan kjøpe FESTIVALPASS  eller DAGSPASS

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.

Organizer
Litteratursymposiet i Odda