BLOKKLIV

page view image

Tickets Not Available

Det er ingen flere billetter tilgjengelig
event image

Arrangementsinformasjon

I byane bur dei fleste av oss i små boksar, stabla oppå kvarandre i store, høge bygg. Blokka er tett knytt til tankar om både urbanitet og modernisme, om samhold, men óg til det å bu trongt. Blokkene er dessutan ein klassemarkør: I lange tider har dei vore arbeidarane si buform, dei lavtlønna sin bustad.

Dei to forfattarane Maria Navarro Skaranger og Tove Nilsen har begge latt blokka og folka som bur i henne ta plass i bøkene sine. Skaranger gjorde braksuksess med romanen “Alle utlendinger har lukka gardiner” i 2014, ei bok som skildrar kvardagen på Romsås, sett gjennom ei ung kvinne sine auge. I si siste bok “Emily forever” let Skaranger ein nittenårig åleinemor som jobbar på Kiwi vere hovudperson.  

Tove Nilsen har i ei rekke av sine bøker brukt blokkene i drabantby-Oslo som bakteppe for fortellingar om kvinnekamp og moderskap. “Skyskraperengler” frå 1982, om dei mangslungne menneska i ei blokk på Bøler, må kallast ein klassikar i nyare norsk litteratur. Menneska vi møter her går att i seinare bøker i forfattarskapen. I haust er Nilsen aktuell med romanen “Nordens elefanter og andre bekjente”, som handlar om forholdet mellom menneske og dyr, mellom anna i form av barndommen sitt første møte med husdyr hjå naboane i bustadblokka.

Korleis formar blokklivet oppvekst, perspektiv og familieliv? Og kva status og mytologi har blokka og drabantbyen i dag, i ein bustadmarknad ganske annleis enn då dei vart utforma i sosialdemokratiet sin gullalder? Skaranger og Nilsen møter Elise Winterthun til samtale.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du på littsymp.no.

Organizer
Littsymp