page view image

VISEPSYKIATRI

Viser møter poesi. Øvre-Ål møter Odda. Bjella møter Grytten.

Informasjon
event image

Stein Torleif Bjella og Frode Grytten blei venner på gamlemåten, ved å sende brev til kvarandre. Bjella skreiv til Grytten fordi han meinte at det var snålt at hovudpersonen i Grytten-romanen Flytande bjørn var lokalavisjournalist, køyrde Volvo og heitte Bell. Han sjølv var jo lokalavisjournalist, køyrde Volvo og heitte Bjella.

Sidan har dei to samarbeidd mange ganger, ikkje minst på dei legendariske julekonsertane til Bjella, “Innegubbens drøymejul”. No kjem dei til symposiet med ein konsert der Bjellas populære songar får sitt tilsvar i Gryttens beatinspirerte tekstar. Med seg på scena har dei Bergljot Bjella, bassist frå Øvre-Ål, og Annlaug Børsheim, kjend og kjær songar, gitarist og felespelar frå Ulvik.

Stein Torleif Bjella: song, gitar
Annlaug Børsheim: song, gitar, fele
Bergljot Bjella: bass, trøorgel
Frode Grytten: røyst


Arrangementet er del av Litteratursymposiet i Odda med tema VRANG.
Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS eller DAGSPASS.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.