VARSKU HER!
Sleppfest "Lothepus-manualen: dette fiksar du!" Lothepus, Heidi M. Andresen og Asbjørn Slettemark.

VARSKU HER! BOKSLEPP
Dei fleste av oss tok ikkje eksamen i korleis ein sløyer fisk, handterer ei sag eller slår eit pålestikk. Du har kanskje stått der rådlaus sjølv, med ein tett kjøkkenvask og ei flaske kvikkfiks som ikkje funkar? Og kva gjer du om du har svelga to Viagra ved eit uhell? Kor mykje aftershave er for mykje? Og kva er eigentleg "godt nok"? Denne hausten er heile Norges skytebas, entreprenør, spelemann og campingplass-konge, Leif Einar "Lothepus" Lothe, aktuell med ny bok. Saman med journalist Heidi Molstad Andresen har han skrive ein sjølvhjelpsmanual med alt du treng for å takle livet, kjærleiken - og ein tett vask. I Lothepus-manualen: Dette fiksar du! deler Lothe raust av ferdigheiter det er lurt å ha i verktøykassa - og ein del praktiske triks som berre er jækla kule å kunne. Sleppfest på Hjøllo der Asbjørn Slettemark møter Lothepus og Heidi Molstad Andresen til samtale.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025 med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.