page view image

SMÅSYMP: NABOEN MIN

Litteratursymposiets opningsforestilling!
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026 med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.

Informasjon
event image

Naboen min lagar musikk som får ungar til å synge, danse, gruble og le. I 2018 vann dei Spellemannspris i kategorien «Barnemusikk». I 2021 kom dei med ny plate: Alt blir feil!

Musikken spenner frå rock til viser, med inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane (som sjølvsagt er på nynorsk) finn ein både humor og alvor.

Vi får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Om du vil læra deg nokre gloser på romvesensk har du kome på riktig stad! 

Med forfattar og låtskrivar Vegard Markhus og produsent og gitarist Bjørnar Sangolt.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026 med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS eller DAGSPASS.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.