SMÅSYMP HEAVYKATTEN
“Heavyrock er livet, ja, eg seier det igjen: Om du synest det er for høgt, så er du ikkje min venn!”

I denne forrykande familieforestillinga får vi eit musikalsk møte med figurane Heavykatten, Discodansemusa og Pinnsvinet Philip, kjende frå fleire bøker av Roald Kaldestad.
Vi er i øvingsrommet til eit band som ønsker å spela tøff heavy-musikk. Bandet lagar låtar sjølv, og bassisten og den eine gitaristen er i gong med øvinga når publikum kjem. Men det er ikkje enkelt å spela tøff musikk når dei ikkje har nokon som kan spela på det flotte trommesettet. Det blir ikkje enklare av at den andre gitaristen har heilt andre ting i hovudet når han endeleg dukkar opp.
Passar for små og store frå ca. 4 år. Med Roald Kaldestad, Roy Ole Førland og Stig Lundblad-Sandbakk.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025 med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.