page view image

REDD EIN FJORD

Redd ein fjord Lesestykke og samtale med Asta Eikemo og Marit Eikemo.

Informasjon
event image

“Redd ein fjord!” er tittelen på ein teatertekst skrive av forfattar Marit Eikemo for Den Unge Scenen (DUS) der handlinga tek utgangspunkt i aksjonane i Vevring i mai 2022 mot dumping av gruveslam i Førdefjorden. Den ytre handlinga krinsar rundt ein gjeng med ungdommar som har lenka seg saman i protest. Demonstrasjonane eskalerer, og til slutt kjem politiet og ungdommane blir bore bort og arrestert. Samtalane ungdommane imellom krinsar rundt dei store, alvorlege og eksistensielle spørsmåla om klima, framtida for dei unge og livet i fjorden, men også rundt nære spørsmål om vennskap, kjærleik, ansvar og tillit. Marit si dotter Asta Eikemo var ein av ungdommane som protesterte - og vart arresterte.

Saman med talentfulle ungdommar frå dramagruppa ved kulturskulen i Jondal skal Asta dramatisere scener frå Marit sitt skodespel. Det blir også samtale om dramaet mellom mor og dotter Eikemo.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:

DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.



Restriksjoner

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.