MORGON OG KVELD JONDAL 2019

Arrangementsinformasjon

I eit fortetta «limbo-univers» møter vi Johannes i ytterpunkta av sin livssyklus. Den dagen han vert fødd, og den dagen han skal over til den andre sida. Vi møter Stig Amdam som fiskaren Johannes. Han skal saman med sin avlidne beste ven Peter gå igjennom livet sitt for å møte døden. Han ser, sansar og freistar å ta inn over seg kva det er som er i ferd med å skje. Erkjenninga av at livet skal til å sleppe taket veks fram i han etter kvart som han undrar, minnest, ser og får sett opplevingane sine i perspektiv. Heile tida er sjøen og arbeidsgjerninga ved kysten sterkt til stades som ramme for livsverket til Johannes. Forteljinga har rike religiøse og eksistensielle dimensjonar, og snakkar til oss på ein særs sanseleg måte. 


Forestillinga er basert på Jon Fosse si bok med same namn og er eit glimrande eksempel på Jon Fosse si magiske forteljarkunst. I samarbeid med Hordaland Teater. 

littsymp

Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refundert. Billettavgift kr. 10,-