MANN 2018

Arrangementsinformasjon

Trass markant større likestilling, pappaperm og vennskapleg bromance: Kor mykje kjenner menn på presset om å oppføra seg som mannfolk? Er det greit å grine? Vil alle menn alltid ha sex? Er homofobi framleis noko sjølv liberale, unge menn kjenner på? Kan han fortelje bestekompisen sin alt? 


I 1978 kom boka Menn og elskere – kjærlighetens lykke og ulykke skriven av Åshild Ulstrup ut. I boka intervjua Ulstrup 25 menn i alderen frå 16 til 75 år, og resultatet blei eit unikt tidsbilete og eit uvurderleg dokument, der menn fortel ærleg om mannsrolla. Denne hausten er det 40 år sidan boka til Ulstrup kom, og no har Brit Aksnes valgt å gjenta prosjektet i si heilt eiga tapping. 


Boka inneheld 25 portrett av menn, eitt kapittel per mann, der alle er anonymisert. Aksnes får mennene i tale, og får gitt dei ei røyst som bringer deira indre monolog ut i det offentlege. For kva tenkjer eigentleg mannen innerst inne? Enn så høglydte menn kan vera, så treng dei ei røyst som seier det som ikkje blir sagt høgt også. Det er stor forskjell på mennene og det er ofte lite som samsvarar med det biletet ein har av mannsrolla.

 

Ulstrup si bok kom ut i 1978, og i tida som har gått sidan den gong, har vi visstnok hatt ein likestillingsrevolusjon. Korleis ser eigentleg biletet ut 40 år seinare? Basert på Ulstrup si bok laga Aksnes programserien ”Mannfolk”, sendt på NRK P2 og Ekko våren 2017, og ein typisk reaksjon ho fekk, var at "endeleg kan vi mannfolk få forklara oss!" Sjølv om mennene stort sett støttar både kvinnekamp og likestilling, så kjenner dei seg også i ein skvis – får dei lov å vera menn? Er det ok å grine og framleis vera mandig? Kvifor vil kona ha sjeldnare sex enn han? Mannemenneske tek opp saker som mannfolka kanskje ikkje ville fortalt hadde det ikkje vore for at dette er anonymt. Ei slik bok er bra for både menn og damer.   


Møt forfattar Brit Aksnes i samtale om mannsrollen anno 2018. 

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.