page view image

MAKTER OG MENNESKE

Brit Bildøen møter Ruth Lillegraven.

Informasjon
event image

Kriminalromanen Gult farevarsel av Brit Bildøen frå 2023 handla om ei stormfull helg på fjellet som enda i eit mildt sagt vilt klimaks. Denne hausten kjem den frittståande oppfølgjaren, Moderat sikt, og no er det på ‘an igjen med action i høgfjellet. I bøkene til Brit Bildøen er nemleg ikkje den norske fjellheimen eit harmonisk paradis. Tvert om. Her blir kampar utkjempa mellom vêr og folk, mellom sårbare økosystem og menneskelege interesser, mellom byfolk og bygdefolk. Naturen er med på å setje i gang store relasjonelle skred. Sentralt står tema som misunning og begjær, mennesket si bruk av naturen og naturturisme, og det vestlege mennesket sitt syn på og utnytting av naturen.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS  eller DAGSPASS

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.