LATE NIGHT TRØST TORSDAG 2019 HÅP

Arrangementsinformasjon

Det er liv. Det er håp. Hjarte. Kyss. Kjærleik. Etter å ha balt med døden heile dagen på symposiet, gir vi deg tilbake trua på livet. Vi legg oss på stigande glede og presenterer flest mulig grunnar til å juble over dette korte livet. Frode Grytten med gjestar inviterer til verdas finaste nattkonsertar tre kveldar på rad. Nye songar kvar kveld. Gåsehudgaranti kvar kveld. 


Pedro Carmona-Alvarez, gitar, song

Annlaug Børsheim, gitar, fele, song

Morten Qvenild, keyboard, song

Einar Sogstad, keyboard

Frode Grytten, røyst


littsymp
oddaoddaodda

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte