page view image

KROPP OG KAPITAL

Kropp og kapital Asta Olivia Nordenhof og Wencke Mühleisen møter Tora S. Døskeland.

Informasjon
event image

Kva skjer når kroppen blir kapital, og kapitalismen verkar inn på seksualiteten?

Sex er ei salsvare, og utbyttinga av kroppen gjev både makt og avmakt. Både kropp og psykisk helse er i samfunnet vårt noko som kan setjast ein prislapp på. Kva gjer det med oss, med samfunnet og med kjærleiken?


Asta Olivia Nordenhof undersøker i bøkene sine korleis kjærleiken fungerer i ei kapitalistisk tid. Wencke Mühleisen skriv om den aldrande kroppen som mister sin verdi som seksuelt objekt. Korleis manøvrere ein aldrande kropp med ein lengsel etter kjærleik i eit samfunn som verdset det unge? 

Tora Sanden Døskeland møter Nordenhof og Mühleisen til samtale om kvinnekropp, kapital og kjærleik.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:


DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Restriksjoner

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.