KRITISK KVARTETT 2018

Arrangementsinformasjon

Kritisk kvartett er Litteraturhuset i Bergen sin faste og populære programserie for litteraturkritikk, og i år tek kvartetten turen til Odda for ei festivalutgåve. Panelet består av dei faste deltakarane Carina Elisabeth Beddari, Eirik Vassenden og Frode Helmich Pedersen, som alle er kritikarar i Morgenbladet. Frå scenen diskuterer dei fire litterære verk live, med dommar som spenner frå glitrande ros til syrleg kritikk. Ideen er å løfte den litterære samtalen opp frå kafébordet og gjere litteraturkritikken synleg for eit større publikum. Som alltid vil den fjerde kvartettdeltakaren vere ein invitert gjest, denne gong Morgenbladet-kritikaren Margunn Vikingstad.


Dei fire bøkene som skal diskuterast er Marit Eikemos Gratis og uforpliktande verdivurdering, Gro Holms Hvite kull, Joakim Kjørsviks Folk jeg husker og Geir Gulliksens Se på oss nå.

littsymp
odda
oddaoddaodda