page view image

H.O.T. I ODDA!

Dj Oksen og Completely Corporate tek over Sentralbadet.

Informasjon
event image

Når laurdag 3. oktober går mot slutten, tek Oksen & CC over Sentralbadet med konseptet H.O.T. i Odda!

Heilt sidan Oksen & CC dreiv den legendariske platebutikken Nöstekollektivet saman i Bergen like etter tusenårsskiftet, har dei formidla musikk kvar for seg og saman - oftast under namna Mikal Telle og PowerLars, men no har dei gjenoppstått som Oksen & Completely Corporate.

I desse dagar speler dei saman månadleg som Tellé Records sine hus-DJs på klubbkvelden «Oksen & CC» på Bodega i Bergen, og denne kvelden tek dei med stemninga frå den nyleg gjennomførte Hot!Hot!Hot!-festivalen til Sentralbadet og Odda.

Det blir house, discopunk, electro og bass. Og det blir ein mørk og dansbar kveld på Sentralbadet. Denne kvelden blir Odda HOT!

 

Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026 med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.