SJÅ PÅ MEG

Arrangementsinformasjon

Korleis leve eit autentisk liv? Kor stort er gapet mellom korleis ein forstår seg sjølv, og korleis omverda oppfattar ein? Korleis forstår vi oss sjølve i relasjon til andre? To av våre fremste samtidsforfattarar, Vigdis Hjorth og Geir Gulliksen, er aktuelle med romanar i haust som på ulike måtar tematiserer slike spørsmål. I Hjorth si Lærerinnens sang møter vi Lotte Bøk, den Brecht-glade undervisaren på Kunsthøgskolen som får sjølvoppfatninga alvorleg rokka då ein student filmar henne. I Gulliksens Se på oss nå møter vi Hans og Harriet, som ikkje likar kvarandre då dei treffest, men kor ein spesiell relasjon oppstår og får store konsekvensar for dei rundt. Hjorth og Gulliksen møtest til samtale om nye bøker og forfattarskap dei har bak seg.  Ordstyrar er Margunn Vikingstad.  



littsymp
oddaoddaodda

Restriksjoner

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.