FRÅ VOGGE TIL GRAV 2019

Arrangementsinformasjon

Aina Villanger og Gunstein Bakke er begge djupt særeigne forfattarar som har blitt løfta opp av kritikarkorpset. Dei har saman vore dansarar i Forfatterbevegelsen, men her barkar dei saman for å diskutere dei djupaste spørsmål. Dei har nemleg begge skrive originale verk som møter dei store emna: Fødsel og død. Villanger fekk nyleg Stig Sæterbakkens ærespris for Nattnød, ei gripande diktsamling om å bere fram eit barn og om den nådelause barselperioden med sine skrik, si ammetåke, jammer og sjelenød. Bakke sin forfatterskap har heilt sidan starten kretsa som ein gribb kring dødstematikken. I romanen Havende skildrar han fleire skjebnetunge svangerskap, heilt frå mellomamerikanske freakshows på 1800-talet, via beinhard russisk realisme, tilbake til notidas Mexico. I samtale med poet Henning Bergsvåg. 

littsymp
oddaoddaodda

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte