FORFATTERBEVEGELSEN 2019: SEKS LITTERÆRE VERK SOM DANS

Arrangementsinformasjon

Forfatterbevegelsen er seks soloar utført av seks forfattarar. Kvar av dei har valt ut eit eige litterært verk dei kunne tenke seg å gi ut på nytt, som samtidsdans. I drakta som dans, har dei litterære verka fått nye titlar. Forfatterbevegelsen byr på Tur med hunden, Biltema, Tohundreogsyttini, En seremoni et annet sted, Det blir aldri lyst her og En folkedans.

 
Forfatterbevegelsen viser korleis spesifikke rytmar, tempo, stemningar og forflyttingar i tekst, også finst i kroppane som har skrive og tenkt desse fram. Etter fleire år der koreograf Marie Bergby Handeland har vore opptatt av skrift i arbeidet sitt som dansekunstnar, fekk ho lyst til å jobbe med rørsler for dei som sit stille og skriv. I tett samarbeid med forfattarane, undersøker Marie kva slags rørslespråk ein forfatter ber på. For arbeid med Forfatterbevegelsen, blei Marie Bergby Handeland tildelt Dansekritikerprisen 2018.

Marie definerer arbeidet sitt som koreograf, som eit langsiktig kroppspress som heller enn å snevra inn og lukka kroppar mot noko flatt og trist, ønsker å pressa dei ut i stadige utvidingar. Ho er nyfiken på kva som skjer når ulike folk frå ulike sosiale og kulturelle kontekstar får innta scenerommet, og kva moglegheiter dette gir til å få aktivitet inn i allmenta i arbeida sine. Ho ønsker å engasjera eit tverrfagleg kunstfelt til samtalar om kva kriterium vi legg til grunn for å verdsette kunstopplevingar, og kven som har tilgang på desse opplevingane.          

  

MEDVERKANDE

Konsept og koreografi: Marie Bergby Handeland

Utføring Litteratursymposiet i Odda: Gro Dahle, Aina Villanger, Henning Bergsvåg, Gunstein Bakke, Maia Siverts og Gunnar Wærness. 

Original utføring: Gro Dahle, Aina Villanger, Henning Bergsvåg, Kjartan Fløgstad, Tina Åmodt og Gunstein Bakke. 

Litterære verk som vert utførte: Du er ikke her, Audiens, Total Eclipse of the mind, Haren, Det ble en rotte!! og Venn med Alle. 


Scenografi og lysdesign: Elisabeth Kjeldahl Nilsson
Musikk: Elisabeth Vatn
Gjestedansar i En folkedans: Morten Liene
Grafisk design: Marie Haakstad
Produksjon: Jorunn Kjersem Hildre
Foto: Tale Hendnes / Dansens hus
Varigheit: ca. 60 min

Framsyninga er samprodusert av Dansens Hus og hadde premiere under Oslo Internasjonale Teaterfestival ved Black Box Teater 2018. 

Støtta av: Norsk Kulturråd, Fond for lyd og bilde, FFUK, Oslo kommune og Dramatikkens hus.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.