FALSK TILSTÅING 2018

Arrangementsinformasjon

Kva er ei falsk tilståing, og kor mykje kan vi stole på politiets avhørsteknikkar? Korleis konstruerer politi og rettsvesen forteljingar kring antatte gjerningspersonar når det manglar tekniske bevis, og er vi i stand til å sjå det potensielt feilbarlege ved slike narrativ?

Dei siste åra har fleire av dei mest brutale drapssakene i nyare norsk historie vore gjenstand for stor merksemd og forsøk på gjenopptaking. Espen Stueland har skrive essay om skuldspørsmålet og fetterens tilståing i Birgitte Tengs-saken. Bjørn Olav Jahr har skrive bøker både om Tengs- og Baneheia-saken, og dokumentaren hans om Tengs-drapet gjekk på TV2 i haust. Frode Helmich Pedersen leier forskargruppa “Strafferettens fortellinger” ved UiB, kor ein ser på grenseovergangane mellom rett og litteratur. Dei tre møtest til samtale om falske tilståingar, rettsforteljingar og dikting i kriminalsaker.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.