CASET CLARA
Forfattar Ruth Lillegraven møter krimkollega Randi Fuglehaug til samtale om caset Clara.

“Ein nydeleg psykopat” kalla NRK sin meldar henne; Clara Lofthus, hovudpersonen i Ruth Lillegraven sin kritikarroste psykologiske thriller-serie. Etter stor suksess med dei to første bøkene kom endeleg den etterlengta sisteboka i sommar og avslutta med det trilogien om den komplekse kvinna Clara.
Clara er eit spesielt tilfelle. Ho er ei tilsynelatande nokså vanleg kvinne. Rett nok både vakrare og meir priviligert enn dei fleste, men like fullt vanleg. Ho har to barn, jobbar som jurist og har det meste på stell. Men under ei nokså vanleg overflate finn vi ein skremmande manipulator og ei iskald morderske med evne og vilje til å rydde problem av vegen - for godt.
I Clara møtest det siviliserte og det ville og utemde; Vestkanten og Vestlandet. Ho er sterkt og uløyseleg knyta til røtene sine, og ho handlar ut frå eit heilt eige moralsyn. Ho er ei kvinne å beundre og å bli glad i, men også frykte og avsky. Lesaren heier på henne og håpar ho blir tatt - alt på éin gong. Kva tankar gjer kvinna bak den komplekse kvinna seg?
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025, med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billletar vert ikkje refundert.