BEGJÆR
Begjær! Herleg - herleg, men ganske farleg. Og med politisk sprengkraft?

Vi har invitert tre forfattarar som alle utforskar begjæret i bøkene sine. Her vert krafta til begjæret mellom menneske utforska, men også korleis begjær er i stand til å sette samfunnsordninga i rørsle.
Dansk-norske Maren Uthaug skildrar ei verd der kvinnene har fått makta, og det kvinnelege begjæret står i ei særstilling i samfunnet. Gode orgasmar har vorte pensum, og mennene blir haldne i interneringsleirar der dei hovudsakleg er til for å tilfredsstille kvinner sitt behov og drive forplantninga vidare. Hedda Robertsen er kanskje den norske forfattaren som mest iherdig har gjeve seg i kast med å skildre kvinneleg begjær. Det handlar om uskyld og erotikk, misunning og omsorg, opprør, frigjering og lengsel. Forfattar og poet Jonathan August Lengali har plassert begjæret i ein rural kontekst, omgitt av blomar, vekster og seterdrift - og leikar i fleire av bøkene sine med begjæret si vitale kraft.
Velkomen til ein samtale som pirkar i etablerte idear om lyst, og om å vere leiken i møte med språk, poesi og sex. Om vitalitet, sårbarheit og om å ta plass. Programvertar er Tora Sanden Døskeland og Henning H. Bergsvåg.
Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2025 med tema EKSPLOSJON.
Heile programmet finn du på littsymp.no.
Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS eller DAGSPASS.
Ansvarsfraskrivelse
Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.