AV FJORD ER EG KOMEN 2018

Arrangementsinformasjon

Kor godt kjenner vi fjordane våre?


Per Anders Todal gav i haust ut boka Havlandet, ei brei skildring av norskekysten og hava kring Noreg. Boka har fått strålande kritikkar. I dette foredraget vil Todal gjere nokre nedslag i 11 000 år med fjordhistorie. Da dei første seljegerane dukka opp ute i havgapet, fylte isbreane framleis fjordbotnane. I steinalderen var fjordane bindeleddet mellom skjergarden med sel og fisk og fjellet der reinsflokkane vandra. I mellomalderen var fjordane hovudfartsårer for kystfolket, og i hollendartida gav dei tilgang til tømmer frå vestlandsdalane.


Seint på 1800-talet vart vestlandsfjordane turistattraksjonar som lokka keisar Wilhelm og velståande britar til Vestlandet. I dag er økosystema i mange fjordar under press frå industriureining, gruveslam eller utslepp frå oppdrettsanlegga. Fjordane er dei mest ikoniske landskapa i Noreg, men kunnskapen om livet der nede er framleis grunn. Framleis blir det oppdaga nye artar i fjorddjupet.

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refundert.