page view image

SPELEMANN

Spelemann Nordstoga møter Mona B. Riise til bokprat ispedd mini-konsert.

Information
event image

Odd Nordstoga er ein av Noregs mest folkekjære artistar, og no også forfattar. Denne hausten kjem boka Spelemann der han fortel si eiga historie; ei personleg forteljing om å vekse opp på gard, om å vere betre til å spele trekkspel enn fotball, om familielivet og songskapinga heime på Nordstrand og om det såre og det fine med å ha ei syster som er annleis.


“Eg har bestemt meg for å legge alt skamvit til sides og fylgje meg sjølv med tastatur. Eit slags reality show på papir blir det vel. Eg skal hente fram minne frå stadene mine, frå vegane mine og folket mitt, for det er dei som ligg mellom linjene i musikken min. Fortelje fram baklandet til songane mine. Det er det eg skal prøve på. Der ligg historia mi òg, historia om ein som starta på trekkspel som åtteåring og lét musikken vise vegen heilt hit. Eg håpar det blir ei bok om ein spelemann, for det synest eg er ein fin ting å vera. Å, kunne eg vera ein spelemann!”


Spelemann og forfattar Odd Nordstoga tek med seg gitaren og møter journalist og programleiar Mona B. Riise til bokprat ispedd musikalske innslag.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:


DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontore

Restrictions

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.