page view image

MORGON OG KVELD

Information
event image

Skodespelar og prisvinnande forteljarstemme Anderz Eide kjem til Litteratursymposiet for å lese frå romanen Morgon og kveld av Jon Fosse. Eide er ein av landets mest brukte lydbokinnlesarar, og nyleg vann han Storytel Awards for innlesinga si av Septologien av Jon Fosse.


Morgon og kveld er ei uvanleg vakker forteljing om sjølve grunnvilkåra her i livet. Eit barn, som skal heite Johannes og bli fiskar, blir fødd. Ein gamal mann, som heiter Johannes og har vore fiskar, døyr. På sitt særeigne vis skildrar Jon Fosse ytterpunkta i eit menneskeliv.


“Morgon og kveld er en enkel historie om tilværelsens viktigste spørsmål: selve meningen med livet. Fosse formidler disse grublerier med en inderlig stillferdighet som griper fatt i leseren. Det er nesten umulig ikke å bli forført inn i fiskeren Johannes’ verden.” (Tone Solberg, Dagens Næringsliv)

Kom og bli med inn i nobelprisvinnaren sitt særeigne univers i Odda kyrkje; eit rom som gjev gjenklang til dei sakrale tonane i teksten og ei verdig ramme til ei vakker forteljing om ytterpunkta i - og meininga med - menneskelivet.


Arrangementet er i samarbeid med Kyrkja i Ullensvang. 


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:

DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

littsymp oddaoddaodda

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.