RØYSTER MELLOM TO LAND

page view image
Event date

Sunday 4 Oct 2026 12:00

Ends Sunday 4 Oct 2026 12:45
order

If you have a promo code apply here

Available items

Plassreservasjon (med pass)
Student
Studentbevis må framvisast i døra.
Ordinær
Ledsagarbillett
Ledsagarbillett for personar med nedsett funksjonsevne. Ledsagarbevis må framvisast
event image

Event information

Røyster mellom to land er ei varm og gripande konsertframsyning om val, draumar, sakn og uthald. Gjennom song, forteljing og levande historiske kjelder møter publikum kvinner frå Vestlandet som i perioden 1825–1925 reiste frå Noreg for å byggja seg eit nytt liv i Amerika.

Framsyninga tek oss med frå små vestlandsbygder via tronge lugarar på Atlanterhavet til dei første møta med eit ukjent kontinent. Me høyrer om avskil, arbeid, kjærleik, håp og mot – men òg om det som vart att heime.

Musikken og forteljingane vev saman historiske kjelder, brev, dagbøker og folkelege minne til ei levande sceneframsyning. Med varme, humor og sterke augeblikk vert dei store utvandringshistoriene fortalde gjennom menneska som levde dei.

Kor høyrer me eigentleg heime? Korleis ber me historia vidare? Desse spørsmåla kling gjennom heile framsyninga – og gjer forteljingane aktuelle også i vår eiga tid.

Røyster mellom to land er ei vidareutvikling av podkasten Vågespel, som hadde premiere på den internasjonale kvinnedagen i 2025 under utvandrarjubileet. Eitt år seinare vart forteljingane vidareførte til scena i denne konsertframsyninga, der song, musikk og forteljing møtest i eit nært møte med publikum.

Med Reidun Horvei, Inger-Kristine Riber og Johanne Øvstebø Tvedten.



Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2026 med tema VRANG.

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, hugs at du òg kan kjøpa FESTIVALPASS eller DAGSPASS.

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refundert, med mindre vi avlyser.

Organizer
Litteratursymposiet i Odda