page view image

VI ER BRØDRENE EIKEMO

Marit Eikemo møter Karl Ystanes.
MERK: Arrangementet er flytta frå Sentralbadet til kinosalen.

Information
event image

“Meisterleg fortalt familieportrett”, “kloke refleksjonar og skarpe observasjonar”, “terningkast 6!”.

Marit Eikemo sin nyaste roman, Vi er brødrene Eikemo, har blitt møtt med varme omtalar og stor begeistring hos lesarane. Utgangspunktet for romanen er Berjaflotvegen 9; den fire etasjar høge generasjonsbustaden som Marit sjølv vaks opp i, og som den 86 år gamle far hennar, Per Eikemo, no bur i åleine. Huset vart bygd av far hans, snikkar Lars Eikemo, og romma lenge fleire generasjonar Eikemo og diverse leigebuarar.


Då Lars Eikemo døydde i ei fallulykke på femtitalet, etterlet han seg kone og fem søner. Den 14 år gamle Per var nøydd til å stå for inntektene til huset og blei ein farsfigur for dei fire yngre brørne. Ein tung arv forplanta seg nedover generasjonane. Alle prosjekta som brørne har halde gåande gjennom åra – bygging av båtar og bilar, amerikareiser, etablering av idrettslag, maratonløp, skihopping og bygging av ulovlege småhytter på vidda – har skjedd i skuggen ulykka. Huset i Berjaflotvegen står att som eit bilde på ein tidsepoke, og kva vil då vere att av alt dette når heller ikkje Per lenger vil bu der for å passe på?


Marit Eikemo møter Karl Ystanes til samtale om boka, Berjaflotvegen og brødrene Eikemo. Velkomen!


“[Marit Eikemo] gjør heimstaden allmenn og det individuelle universelt. Odda kan være hvor som helst, og vi har alle et par av brødrene Eikemo i familien. Det er vel det som er kunsten” - Sigmund Jensen, Stavanger Aftenblad


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA.
Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe FESTIVALPASS  eller dagspass:


DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Restrictions

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.