page view image

MOONPRINZEN

EVENT INFORMATION
event image

Sidan debuten “Helter” i 1997 har Pedro Carmona-Alvarez vore ein av dei mest mangefasetterte forfattarane i Norge, med ei lang rekke diktsamlingar, romanar og essays. Av høgdepunkt kan nemnast bøker som “Rust” (2009), “Og været skiftet og det ble sommer og så videre” (2012), “Bergens Ungdomsteater” (2016), “Refrenger” (2019) og “Inventarium” (2021). I haust er han ute med bestillingsverket “Dobbeltliv” for Møllebyen litteraturfestival.


Forfattarskapen har ein solid lesarskare, og har vorte løna med prisar som Sultprisen, P2-lytternes romanpris og Kritikerprisen gjennom åra. Carmona-Alvarez har også vore eit viktig førebilete og motivator for andre skrivande, mellom anna gjennom sitt arbeid på nettsamfunnet Diktkammeret, og som redaktør for antologien “Signaler”. 


Carmona-Alvarez er fødd i La Serena, Chile, oppvaksen på Kolbotn utanfor Oslo, og bur i Bergen. Krysninga mellom desse kulturelle linjene er sterkt til stades i bøkene på ulike måtar. Sentralt står også musikken: Carmona-Alvarez er musikar, frå band som Moon Pedro & The New Farm Street Orchestra og Sister Sonny. Han speler også i konstellasjonar med Frode Grytten og Stein Torleif Bjella. Koplinga mellom litteratur og musikk er noko av det som har gjort Carmona-Alvarez heilt sentral i Litteratursymposiets sjel og historie.


I år fylte Pedro Carmona-Alvarez 50 år, og vi byr på ode til ein heilt spesiell kunstnarskap. Med på feiringa på Sentralbadet er forfattarar og institusjonar som på ulike måtar har vore viktige: Skrivekunstakademiet, Kaja Schjerven Mollerin, Annlaug Børsheim, Maria Navarro Skaranger og fleire.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du på littsymp.no.