page view image

KRIG OG PANDEMI I EUROPA

Foredrag Roger Sevrin Bruland.

Information
event image

Med NRK-mikrofonen tett til brystet i uvær, akkompagnert av ulande flyalarmar og på alltid like flammande nynorsk, har Roger Sevrin Bruland gitt oss innblikk i både gode og særs utfordrande tilstandar i Midt- og Aust-Europa dei siste åra. Bruland har ei eiga formidlingsevne, og i 2022 fekk han Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar.

Nyleg gjekk han av som Europa-korrespondent for NRK og avslutta med det ei mangeårig journalistkarriere. I dette foredraget fortel han om kvardagen som Europa-korrespondent og korleis koronapandemien og krigen i Ukraina har påverka og endra Europa.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2024 med tema DRAMA. 

Heile programmet finn du på littsymp.no.


Det er mykje kjekt som skjer, og du kan òg kjøpe dagspass og festivalpass:


FESTIVALPASS  


Eller dagspass:

DAGSPASS TORSDAG
DAGSPASS FREDAG 

DAGSPASS LAURDAG 

DAGSPASS SØNDAG 

Pass gjev deg fri tilgang til alle arrangementa på symposiet - så lenge det er plass. Dersom du vil vere garantert plass må du hente ut plassreservasjon på dei ulike arrangementa (gratis) her hos Ticketco eller på biblioteket / festivalkontoret.

Restrictions

Kjøpte billletar vert ikkje refundert.