KLASSIKARSAMTALEN 2019: Den guddommelige komedie

EVENT INFORMATION

Frode Helmich Pedersen, Eirik Vassenden og Elise Winterthun i samtale om Dantes evige klassikar.

"La Divina Commedia", eller "Den guddommelige komedie", er eit av litteraturhistoriens rikaste og mest markante verk.
Komedien, som består av sangar skrive på italiensk mellom 1308 og 1321, følger diktaren Dante gjennom dei tre delane av etterlivet: helvete, skjærsilden og paradiset. Få, om nokon, litterære verk har vore gjenstand for ein slik enorm tolkingstradisjon. T. S. Eliot skreiv om Dante at han sette standarden for det poetiske språket heilt fram til vår tid. Korleis skal vi tolke allegoriane i Den guddommelige komedie? Kva for betydning har verket hatt for litteraturhistoria, den kristne tradisjonen og idéhistoria? Kva får vi ut av å lese Dantes middelalderkomedie i dag? Frode Helmich Pedersen og Eirik Vassenden møter Elise Winterthun til samtale.

littsymp
oddaoddaodda

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.