DEN TID, DEN SONG

EVENT INFORMATION

Siri Økland møter Hilde Kvalvaag til samtale.

I si nye diktsamling skriv Siri Økland om dei små observasjonane og vidundera i kvardagen, men ho lèt òg dei store linjene mellom generasjonane tre fram. Med eit nært blikk på slekta både før og etter henne skriv ho fram ein idyll der eit mørke lurer, og ei sorg der det òg finst lys. Konkret og lågmælt skriv ho blant anna om slektsgarden, om barndom og familie. Med same pulsen skriv ho både om døden og framtida, om det mystiske og uavklara – og det å høyre til.

I si førre bok, Det står til liv, skildrar Økland livet slik det ser ut når ein veit at ein skal døy. Ho skaper eit rom for innsikt og ettertanke, både for den som lever tett på sjukdom, og den som er open for livet – og ikkje minst den som er begge delar. Tekstane er både nådelause, stillferdige og vakre, og inviterer lesaren til å tenkje over sitt eige liv. Ved at dei så ope snakkar om døden, trer glede, sorg og styrke tydeleg fram.

littsymp
oddaoddaodda

Waiver

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte