page view image

BIKUBESALONG 2022

EVENT INFORMATION
event image

Intime oppplesingar i stovene til folk i Murboligen. Pedro Carmona-Alvarez, Maria Navarro Skaranger og Tove Nilsen. 


Arkitekt Egill Reimers si bustadblokk Murboligen i Odda vart bygd i 1915 og hadde 44 leilegheiter. Bustadblokka skulle ta unna for bustadnauda, som vaks i takt med industrireisinga i Odda. Trenden i byane var å byggje storgardskvartal, som gav romslege felles gardsrom og klassisk utforma byparti. I byane bygde dei vidare bortover gata i same stil, men i Odda kom ein aldri lenger enn til dette eine bygget. Dette er vårt storgardskvartal. I Bikubesong fylte Frode Grytten Murboligen med alle slags fantastiske skapningar, og bikuben har levd vidare. Det blei tidenes suksess på Det Norske teater, det blei Litteratursymposium i Odda, det blei eit begrep i seg sjølv. På denne lesinga, opnar bebuarane dørene og slepp oss inn i stovene sine. 


Forfattarane Pedro Carmona-Alvarez, Maria Navarro Skaranger og Tove Nilsen har alle behandla bustad på ulike og mangslungne måtar i sine bøker. Navarro Skaranger sin siste roman, “Emily forever”, handlar om ei ung mor som bur åleine i eit blokkmiljø på Romsås i Oslo. Nilsen er aktuell med romanen “Nordens elefanter og andre bekjente”, som handlar om forholdet mellom menneske og dyr, mellom anna i ei bustadblokk. Carmona-Alvarez har nyleg gitt ut diktboka “Dobbeltliv”, eit bestillingsverk til Møllebyen litteraturfestival, som mellom anna tematiserer kulturelt tilhøyve. Dei tre les frå bøkene.


Arrangementet er ein del av Litteratursymposiet i Odda 2022 med tema A4. Heile programmet finn du på littsymp.no.